Sky ikon
Kamera | Sport | Bileteseriar | Skattelistene
...
UTSTYR. Elevane viste størst interesse då dei fekk sjå kva ein politimann har med seg av utstyr når han dreg ut på oppdrag. Her viser Njål Hope mellom anna fram ein vest som vernar mot knivstikk.

Kven vil bli politi?

Måndag hadde 8. og 9. klassingane på Røldal skule vitjing av politiførstebetjent Njål Hope, som fortalde om korleis det er å arbeide i politiet.

Oppdatert 11.03.2010 kl 14:56

Dette er ein del av yrkesorienteringa til elevane, der dei gjennom faget utdanningsval får møte folk i mange ulike yrke.

Hope kunne utan tvil anbefale yrket sitt til elevane.
- Eg har aldri angra på at eg blei politi. Du får ikkje ein keisam dag på jobben, understreka han. Særleg peika politiførstebetjenten på moglegheiter for utvikling og vidareutdanning.

- Kva er det mest spanande du har gjort på jobben? spurte ein av elevane.
Hope valde ut ein episode då han med hjelp av politihund var med på å redde ein gut som hadde gått seg vill på fjellet.

Til dei av ungdomane som kanskje kan tenkte seg å bli politi hadde Hope to oppfordringar: Dei må gjere det bra på skulen og oppføre seg fint så dei ikkje får noko på rullebladet. Han understreka og at politiyrket i høgaste grad er for begge kjønn. 40 prosent av studentane på politihøgskulen er no kvinner.
- Du treng ikkje vere stor og sterk, korleis vi uttrykkjer oss er den beste reiskapen vi har, sa Hope.

Han fortalde at politiutdanninga er lagt opp med eit år på skule, med mellom anna rettslære, rapportskriving, etikk og psykologi. Så er det eit år i praksis, før ein fullfører utdanninga.

Viss nokon av elevane ender opp som politifolk, håper Hope at dei kjem attende til Hardanger.
- Når du jobbar på ein sånn plass som Hardanger, får du heile spekteret, forklarte han, og viste til dei varierte arbeidsoppgåvene.
- Vi skulle gjerne hatt meir midlar, men jobben blir du aldri lei av, avslutta Hope.

HF nyhende

Disse sauene overlevde vinteren

Vil ha dialog om skisenter

Når alarmen går

Auka ventetid ved Vallaviktunnelen

Ba en politisk bønn for skolens Polen-turer

Ennå uvisst om utbygging

HF nyhende

Disse sauene overlevde vinteren

Vil ha dialog om skisenter

Når alarmen går

Auka ventetid ved Vallaviktunnelen

Ba en politisk bønn for skolens Polen-turer

Ennå uvisst om utbygging

Til toppen | Til forsida | Til web-avisa
Kamera | Sport | Bileteseriar | Skattelistene
KONTAKT OSS
Tips redaksjonen: 53 65 06 20
E-post: redaksjon@hardanger-folkeblad.no
Ikke fått avisa? Ring sentrabordet på 53 65 06 00
Hardanger Folkeblad, Ragde, Postboks 374, 5751 Odda

All vidare bruk av stoff og annonser er ulovleg utan særskild avtale