Sky ikon
Kamera | Sport | Bileteseriar | Skattelistene
...
Desse tre humrane fekk fridomen attende av KV Tor. Reglane for å fiske med godt samvit finn du på www.fiskeridir.no. Foto: Kystvakta

Lovlydige båtfolk

Det vart eit magert resultat for Kystvaktskipet KV Tor då dei sjekka fiskeria i Sørfjorden og Eidfjord nyleg. Det tykkjer skipssjefen er svært gledeleg.

Oppdatert 02.09.2010 kl 15:12

29. august dukka KV Tor opp i Sørfjorden, Kinsarvikbukta og innover nord-vestsida mot Eidfjord. Oppdraget var å inspisere garn, teiner, ruser og andre reiskapar som kunne vere plasserte ut i sjøen.

Etter turen fortel skipssjef Roger Hol til HF at observasjonane dei gjorde var positive. Dei drog inn og tok vare på tre krabbeteiner på Ystanes, og elles la dei ut nokre skriftlege åtvaringar på reiskap som var å rekne for å vere «i gråsona» av kva som er lovleg.

- Det var tre humrar i teinene som vi la beslag på på neset sør for Kinsarvik. Dei var ikkje merkte med namn og adresse, slik reglane seier. Det ville medført ei bot på fleire tusen for eigar om han hadde blitt tatt. Ut over det var det lite å utsetje på fiskeria i indre Hardanger denne gongen, fortel Hol.

Han meiner folk fiskar mindre ulovleg no enn før.

- Det har vore ei merkbar betring siste fem åra. Den same trenden ser vi forresten også under småbåtkontrollane, og då tenkjer eg på at bruken av redningsvest er i auke, og alkoholbruken på sjøen minkande. Dette er vi veldig glade for, seier Hol.

HF nyhende

Disse sauene overlevde vinteren

Vil ha dialog om skisenter

Når alarmen går

Auka ventetid ved Vallaviktunnelen

Ba en politisk bønn for skolens Polen-turer

Ennå uvisst om utbygging

HF nyhende

Disse sauene overlevde vinteren

Vil ha dialog om skisenter

Når alarmen går

Auka ventetid ved Vallaviktunnelen

Ba en politisk bønn for skolens Polen-turer

Ennå uvisst om utbygging

Til toppen | Til forsida | Til web-avisa
Kamera | Sport | Bileteseriar | Skattelistene
KONTAKT OSS
Tips redaksjonen: 53 65 06 20
E-post: redaksjon@hardanger-folkeblad.no
Ikke fått avisa? Ring sentrabordet på 53 65 06 00
Hardanger Folkeblad, Ragde, Postboks 374, 5751 Odda

All vidare bruk av stoff og annonser er ulovleg utan særskild avtale