Sky ikon
Kamera | Sport | Bileteseriar | Skattelistene
...
Silje med modellen og medaljen som syner at ho kan kalle seg Noregs beste i sin klasse. Foto: Foto: Øyvind Markussen

Noregs beste herrefrisør

Silje Kvamsdal frå Eidfjord deltok nyleg i NM i frisering i Oslo. Ho fekk høgaste moglege poengsum i dei to klassane ho stilte opp i, og gikk med det heilt til topps i konkurransen.

Oppdatert 23.02.2012 kl 08:46

Kvamsdal deltok i klassane herremote langt hår og trendcut. Ho kan etter den overbevisande sigeren kalle seg Noregs beste herrefrisør.

Dobbel noregsmeister

Kvamsdal seier til Hardanger Folkeblad at konkurransen føregår slik at deltakarane har øvd inn ein bestemt frisyre på førehånd. Når modellen sit klar på konkurransedagen, må deltakarane fullføre arbeidet på 15 minutt. Det klarte ho med glans, og i begge klassane gav altså juryen fullt hus i poengboka.

Kvamsdal vart også i 2007 noregsmeister i frisering, og er naturlig nok godt nøgd med å ha fått tittelen tilbake etter å ha vore med i tetkampen i noregsmeisterskapen kvart år sidan det.

Bestemte seg tidleg

– Eg bestemte meg tidlig for at det var frisør eg ville bli. Noko anna alternativ har det aldri vore, seier Kvamsdal.

Etter ungdomsskulen tok studiene Kvamsdal først til Voss og deretter vidare til frisørskulen i Bergen.

Under lærlingtida reiste ho tilbake til Voss, der ho jobba på Amfi-senteret. Her fortsatte ho også nokre år etter endt læretid, før turen gikk tilbake til Bergen. Der fekk ho jobb på sin noverande arbeidsplass, hårsalongen «Visit your hair» på Oasen i Bergen.

Det er for tida eit veksande miljø av heimflyttarar i Eidfjord, noko Kvamsdal synast er positivt, men sjølv ser ho ikkje for seg ein snarlig retur til heimkommunen.

– Frisørar treng ein jo overalt, men eg er nok ikkje heilt ferdig med livet i byen enno, seier ho.

Ho seier at dei er 15 frisørar i salongen, og at både det sosiale miljøet på arbeidsplassen og utfordringane ein kan få som frisør i Bergen er trekkplaster for å jobbe i ein by.

– Eit liknande arbeidsmiljø vil ein ikkje kunne finne på mindre stader, seier ho.

Internasjonalt

I tillegg til nasjonale konkurransar har Kvamsdal konkurrert internasjonalt både i europa- og verdsmeisterskap. Gjennom åra har friseringa mellom anna teke henne til Moskva, Milano, Paris, Chicago og Frankfurt.

– Det beste resultatet internasjonalt kom nok i VM i Chicago, der eg vart nummer 15 av 70 deltakarar. Det var bra, for under eit verdsmeisterskap er det høgt nivå på deltakarane, seier Kvamsdal.

Vil gi seg

Sjølv om Kvamsdal gjer det godt både nasjonalt og internasjonalt, seier ho at tida no kanskje er inne for å gi seg i konkurransesamanheng. Det vil seie etter VM i Milano i oktober.

- Det er mykje stress og mykje arbeid å delta i slike konkurransar. Det er freistande å gi seg på topp, seier ho, sjølv om ho ser at det ikkje er utenkelig at smaken på konkurransar vil komme tilbake seinare.

HF nyhende

Ung mann savnet i sjøen i Odda

Lars Ove Seljestad på TV i kveld

Odda får meir å rutte med

Her hamstrer bøndene brød og mel

...men så kom dette skiltet opp

- Jeg må kanskje kjøpe litt ekstra brød

HF nyhende

Ung mann savnet i sjøen i Odda

Lars Ove Seljestad på TV i kveld

Odda får meir å rutte med

Her hamstrer bøndene brød og mel

...men så kom dette skiltet opp

- Jeg må kanskje kjøpe litt ekstra brød

Til toppen | Til forsida | Til web-avisa
Kamera | Sport | Bileteseriar | Skattelistene
KONTAKT OSS
Tips redaksjonen: 53 65 06 20
E-post: redaksjon@hardanger-folkeblad.no
Ikke fått avisa? Ring sentrabordet på 53 65 06 00
Hardanger Folkeblad, Ragde, Postboks 374, 5751 Odda

All vidare bruk av stoff og annonser er ulovleg utan særskild avtale