Eidfjord kommune har sendt søknad om overflytting frå Helse Fonna til Helse Bergen. Flyttinga ynskjer dei skal skje så snart som mogleg.
Tidlegare har kommunestyret gjort vedtak om at kommunen, med realisering av Hardangerbrua, fram i tid ynskjer ei total overføring frå Helse Fonna til Helse Bergen.
Seinare har politikarane gjeve signal om at overføringsprosessen bør koma i gang fortast mogleg. No er søknaden sendt.
Søknaden argumenterer med avstandar frå Eidfjord til dei ulike sjukehusa. Frå Eidfjord er det sju mil til Odda, 20 mil til Haugesund og fem mil til Voss. Når vegprosjektet Vossapakko står ferdig i 2012 og Hardangerbrua våren 2013, vil ein ambulanse berre bruka ein god halvtime frå Eidfjord til Voss. Til Bergen vil det gå to til to og ein halv time.
«Grunna redusert tilbod ved Odda sjukehus, vert mange eidfjordingar sende vidare til Haugesund, og nokre derifrå til Haukeland universitetssjukehus i Bergen. Det opplever me som langt og urettferdig», heiter det i søknaden. Vidare vert det argumentert med at mange må til kontroll i Haugesund, og at det ikkje er mogleg å reisa Eidfjord - Haugesund - Eidfjord tur-retur på ein dag med offentleg kommunikasjon.
- »Voss er «byen» for innbyggjarane i Eidfjord, skriv rådmann Aud Opheim Lygre og ordførar Anved Johan Tveit i søknaden.
Overflyttinga vert ei formalistering av ein praksis som langt på veg har fungert i mange år på grunn av lova om fritt sjukehusval. Eit anna argument er at lækjarane i Eidfjord opplever det som unødvendig meirarbeid når dei må ha kontakt både med Helse Fonna og Helse Bergen.
Sidan Voss sjukehus har sett i gang eit prosjekt med «sine» kommunar, deriblant Granvin og Ulvik, så ynskjer Eidfjord å verta med i selskapet så snart som mogleg.
«Det er naturleg at grensa mellom helseføretaka ikkje er fastlåste ein gong for alle. Ut frå nærleiksprinsipp og samfunnsøkonomi, er dei 957 innbyggjarane i Eidfjord best tente med å få tilbod om spesialisthelseteneste på Voss og frå Helse Bergen», heiter det i søknaden.