Sky ikon
Kamera | Sport | Bileteseriar | Skattelistene
...
Skitrekket stod stille i fjor, men til vinteren skal tilskot frå kommunen sørgje for drift igjen i Sysendalen. Foto: Johs H. Sekse

2,1 millionar til skisenter

Formannskapet i Eidfjord har vedteke å løyve 2,1 millionar kroner til rehabilitering av skisenteret i Sysendalen.

Oppdatert 01.09.2010 kl 14:17

Formannskapet i Eidfjord godkjente måndag ein avtale mellom kommunen, Sysendalen skisenter og Hardangervidda Ski og Fjellsport som skal driva skisenteret i Sysendalen denne sesongen.

Driftsavtalen omfattar både drift av alpinanlegg, varmestove og løyper.

Dei godkjende samtidig å innarbeida 2,1 millionar kroner i investeringsbudsjettet for 2011 til dei faste installasjonane og til bakkeplanering ved skisenteret.

I tillegg skal det sendast ein søknad om spelemidlar for rehabilitering, der ein reknar med å få 700 000.

Totalramma for søknaden vert på 2,7 millionar, der kommunestyre alt har løyvd 600 000 i junimøtet 2010. Totalramma for søknaden er basert på taksen som er gjort for rehabilitering.

Kommunestyret får det endelege ordet i saka.

Eidfjord

Nettstas på morsdag

Ljosfest og karneval i Eidfjord

Vil satse 240 millionar på fossar

Hard Anger-lineup er klar

Tyssedal leder serien

Friskt spill i Tyssohallen

Eidfjord

Nettstas på morsdag

Ljosfest og karneval i Eidfjord

Vil satse 240 millionar på fossar

Hard Anger-lineup er klar

Tyssedal leder serien

Friskt spill i Tyssohallen

Til toppen | Til forsida | Til web-avisa
Kamera | Sport | Bileteseriar | Skattelistene
KONTAKT OSS
Tips redaksjonen: 53 65 06 20
E-post: redaksjon@hardanger-folkeblad.no
Ikke fått avisa? Ring sentrabordet på 53 65 06 00
Hardanger Folkeblad, Ragde, Postboks 374, 5751 Odda

All vidare bruk av stoff og annonser er ulovleg utan særskild avtale