Tide har fått fornya ferjekontrakten for sambandet Kvanndal – Utne – Kinsarvik fram til 2018.
Dette opplyser Hordaland Fylkeskommune i ei pressemelding.
Kontrakten omfattar også ferjesambanda Jondal – Tørvikbygd og Gjermundshamn – Varaldsøy – Årsnes.
Tide leverte det lågaste anbodet, på 383,7 mill. kr, og fikk derfor kontrakten framfor Fjord 1 Fylkesbaatane, som leverte et anbod på 454,1 mill. kr.
Rutetilbudet skal hovudsakeleg vere som i dag, står det i pressemeldinga. Det er ikkje oppgitt kva slags ferjemateriell som skal settast inn på Kvanndal – Utne – Kinsarvik.