Nils Magnus Bøen Grave frå Odda deltok på NM i nordiske greiner i Stryn frå torsdag til søndag.
Torsdagen gjekk det dårleg på 20 km klassisk langrenn. Bøen Grave var ikkje frisk då NM starta, men kvikna til om laurdagen.
Då gjekk han 10 km skøyting og vart nummer 20 av om lag 190 deltakarar, berre eit halvt minutt frå pallplassering.
Søndag var det stafett med fire gonger fem km, og Bøen Grave deltok på førstelaget til Hordaland. Han gjekk førsteetappen og veksla som nummer sju, berre åtte-ti sekund bak bestemann.
Til slutt vart Hordalandslaget nummer tolv.
- Det verkar som eg er på veg mot toppformen, seier Nils Magnus Bøen Grave til HF.