Torgeir Skare Thygesen (IL Korlevoll) utklassa konkurrentane i eigen klasse, og fekk bestetid av alle i eit langrenn på Voss søndag.
Skare Thygesen stilte til start i klassen menn 21 til 25 år, og gjekk 20 kilometer i klassisk stil i BKK-turrennet. I mål var han heile åtte minutt og seks sekund før Lars Gurandstad frå Lier IL som vart nummer to i klassen.
Kristen Skjeldal stilte i klassen menn 41 til 45 år. Han pleier vere hard å slå. Blant anna har Skare Thygesen fått dårlegare totaltid enn Skjeldal i renn tidlegare denne sesongen.
På søndag slo Skare Thygesen Skjeldal med tre sekund.
Mange andre lokale skitalent deltok, og fleire gjorde det godt.
Fire andreplassar til Røldal
Gaute Kvåle (Røldal IL) vart nummer to i klassen gutar 15-16 år, slått med eitt minutt og 22 sekund av Vebjørn Turtveit frå Voss IL. I denne klassen vart det gått mellom 11 og 12 km.
Nummer to i klassen menn 36 til 40 år vart Odd Ivar Medhus (Røldal IL). Svein Olav Nesheim (IL Korlevoll) vart nummer sju av åtte deltakarar i denne klassen.
Lars Kvåle (Røldal IL) vart andremann i klassen 41 til 45 år, der altså Kristen Skjeldal (Bulken IL) vann. Lars Kvåle var fem minutt og 42 sekund bak Skjeldal i mål.
Ivar Jordal (IL Korlevoll) og Jarle Sandal (Røldal IL) vart nummer fem og seks, 14:55 og 14:56 bak bak Skjeldal.
Jan Øvregård (Røldal IL) tok òg andreplass på søndag. Han i klassen 46-50 år.
Joar Kvitingen (IL Korlevoll) kom inn som nummer åtte og Otto Monsen (IL Korlevoll) nummer ti av 14 deltakarar i klassen.
Siger i 51-55 klassen
Erling Skogasel vann. Han gjekk for Bedriftsidrettslaget Zinken Odda, og slo toar i klassen, Karsten Måkestad (IL Korlevoll), med to sekund.
Eivind Tokheim (Odda IL) gjekk inn til ellevte plass og Dag Sverre Ekkje (Røldal IL) til fjortande.