Sky ikon
Kamera | Sport | Bileteseriar | Skattelistene
...
Gut Jr- laget til OFK Foto: OFK

Regn og tap i artig cup

OFK sitt junior-gutelag er i England og speler fotballturnering. Her er referat frå fyrste kampen, som endte 1-4.

Oppdatert 29.07.2010 kl 16:20

Øystein Kambestad rapporterar:

"I ein tøff og fartsfylt kamp i ”occational showers” på ein langhåra grasbane i Newcastle-under-Lyme vart gutane frå Wales for sterke. Odda gløymde Harald Knutssons gode musikkråd om å ”starta med ein gang”, Portadawe kom gjennom på sin venstre kant og scora etter få sekund. Vill Wales-jubel! Odda skjerpa seg, men sleit i minst 10 minutt med for svake pasningar på kubeitet. Få sjansar til Odda, mens gutane frå Wales kombinerte bra og vart berre stoppa av opplagte midtstopparar Vangen og Monsen, samt keeper Fjæra og backane Engdal og H. Stengårdsbakken. Samt stanga.

Etter kvart som gutane vart vane med ball og underlag lurte midtbanen med Finne, Larsen og Kambestad gjerne av både 1, 2, og 3 walisarar, men spelet mangla noko, og det ville seg ikkje heilt for spissen Brekke og dei to ”nye” vingane Svenning og Stensland mot kontante stopparar.

I pausen fekk Larsen igjen ”sin” ving for å skapa meir trykk framover. Men før Odda kom skikkeleg i gang kom Portadawe igjennom på venstre sida igjen, no mot keeper Stueland, og det sto 0-2. Shit, som dei seier her.

Kampen bølga att og fram på det høge regnvåte graset, som sette seg slik mellom knottane at gutane seilte på arse-en på dei nye fotballskoa dei anskaffa i Manchester. På 0-3 gjorde Odda eit offensivt byte ved å køyra Monsen på topp. Odda pressa meir og meir. Larsen og Brekke hadde ein eventyrleg dobbeltsjanse uten å lukkast. Larsen fekk ein ny sjanse, men dessverre på venstre fot. Den som endeleg lukkast var langrenns- og motbakkeløpar Finne, som etter ein pasning frå Stensland med eit velplassert langskot nede i høgre hjørne overlista keeper. Nytt håp var tent, Odda pressa, men marginane var imot, og walisarane hadde og sine sjansar. Monsen vart felt bakfrå like utanfor 16-meteren, fekk ikkje frispark men ein smell i sin skranglete ankel og måtte ut. Håpar han er på beina til i morgon, med god hjelp av vår fysioterapeut Kambe.

Kampen vart avblåst med 1-4 av ein middels dommar som gjorde sitt beste.

I går var det shopping og omvisning på ManU sin stadion. Etterpå fann bussjåføren endeleg ut av sin manuelle GPS, ein taxisjåfør i nabofila, og førde oss sikkert men seint fram til Manchester City sitt fotballakademi, der me fekk ein artig og god halvtimes trening av ein som langt overgjekk Kambestad. ”I alle fall i magemål” seier Kambestad, som satsar på å legga på seg.

I skrivande stund er laget i Liverpool, mens manageren er tilbake i leiren og prøver å ordna diverse som ikkje er på G i den nyflytta cup-en. Det meste går greit, men me får verkeleg testa ut våre engelske høflighetsfraser. Det slepp me kanskje på kveldens pub-quiz i nabolaget, seier Kambestad. Då satsar me heller på Røldalsfraser.

I morgon ventar St Mary School frå Nairobi, Kenya, som i dag tapte 0-9 mot eit hardtarbeidande og bråkete Hale Juniors frå Liverpool. Nye sjansar, altså. "

HF sport

Tatt ut til landskamp

Første telenor renn

Kom deg ut!

Oddas første montérytter

Søker Norseman-support

Cato stakk av med Wildcardet

HF sport

Tatt ut til landskamp

Første telenor renn

Kom deg ut!

Oddas første montérytter

Søker Norseman-support

Cato stakk av med Wildcardet

Til toppen | Til forsida | Til web-avisa
Kamera | Sport | Bileteseriar | Skattelistene
KONTAKT OSS
Tips redaksjonen: 53 65 06 20
E-post: redaksjon@hardanger-folkeblad.no
Ikke fått avisa? Ring sentrabordet på 53 65 06 00
Hardanger Folkeblad, Ragde, Postboks 374, 5751 Odda

All vidare bruk av stoff og annonser er ulovleg utan særskild avtale